
Ruta vår....
Det var ganske bratt opp så me måtte bruke feller, eg hadde berre korte feller,eit dårleg valg, men det gjorde at neste gang eg skal på sånn skitur tek eg lange. Heldigvis hadde Øystein med seg ekstra feller, som Torgeir for ned å henta ( me var ikkje komne langt). Då såg eg mykje lysare på turen. Me gjekk eit godt stykke og så hadde me ein kosleg matpause oppi skogen. Etter me hadde ete, så grov Steinar ( kompisen til Torgeir) ei "hole" der me skulle sjå på dei forskjellige laga ned i snøen. Så var det siste rest til toppen.
Pause...
Vegen ned var noko heilt anna, trur ikkje eg hadde sklid 10 meter ein gang før det første falle...og fleire skulle det bli. Eg hadde vanlege fjellski som var veldig vanskele og skli på for oppå laussnøen var det litt skare. Har ikkje telling på kor mange gangar eg datt, men uansett klarde me å holde humøret oppe. Eg, Brita og Therese fekk god hjelp av Steinar å komme oss ned at, for han laga veg til oss. På slutten var eg nokså lei, då siste rest satt eg på skidna og det gjekk supert! Det heile endte med at eg, Brita og Therese ikkje rakk bussen, men me kom oss heim likevel. Torgeir fiksa det.
Gruppa fungerte nokså bra, og trur alle hadde det nokså bra. Eg vart litt klokare av denne turen må eg seie; me lærte korleis me skal finne ut om det er rasfare, eg lærte at neste gang skal eg ha lang feller, og vart ganske flink til å røyse meg opp at etter eg hadde tryna! Trur me nådde ganske mangen av måla våre for turen. Eg hadde passleg med klede og alt, men skulle ønskt eg hadde andre ski ( telemark eller randonne. ) Ellers var det ein heilt OK og kjekk tur.
Karoline.