Vi møtte opp utafor nyskulen klokka 9 fredags morgon. Veret var ikkje av det beste men det gjekk an, i alle fall for ei lita stund.....
Vi køyrde buss opp til Fretland derfrå skulle me gå. Da vi skulle begynna å gå var det masse sludd, etterkvart begynte det å hagle. Da vi hadde gått ei stund kom me til nokon stølar som me stilte oss i ly for veret ei stund.
Etter kvart kom me fram til nokre store berg, da vi hadde gått forbi Halsavatnet der satte me oss og åt. Det var veldig kaldt for det blåste og snøa. Der måtte me ta ein beslutning om me skulle gå vidare eller snu. Veret var etterkvart så intenst at me valde å snu. Dette var ein veldig bra beslutning. På vegen tilbake stoppa me og hadde ein leik, å laga snøenglar. Vi stilte oss og i ly når vi gjekk heim, bak stølane.Vegen tilbake gjekk ganske fort, syns eg. Når me var komme ned til asfalt vegen, kom det heldigvis ein buss å henta oss. Så var me tilbake på skulen litt før halv 3.
Syns det var litt dumt at me ikkje fekk sjå Ljotaholet, men Berit ville tydlegvis at me ikkje skulle det. Det var ein kjekk tur og trur dei fleste kosa seg.
Eg hadde gode klede og godt sko tøy. Eg lærte at det aldri er ein skam å snu. Me er ei fin gruppe å reise på tur med og vi fungerer alle bra i lag. Sjølv om det snøa og hagla om eit anna så gjorde det ikkje så mykje, det var litt kaldt innimellom, men sån er det som oftast. Ein annar ting me fekk erfare var at veret kan skifte på eit blunk. Alt i alt så var det ein kjekk tur.
Her er nokre bilete.