Det heile starta onsdag den 7.sep. me (klassen) skulle på tur til Fjærlandsete. Me møtte opp ca kl 09.00 utafor friluftslageret og alle var klare og godt forberedt. Der fordelte me felles utstyr og så for me i ein stappa minibuss til Øvstedalen, der me skulle gå ifrå.
I begynninga virka det greit og vegen var ok, så kom det eit litt brattare stykke då det var litt tungt. Men etter ei lita stund flata det ut og det vart ein fin, litt blaut sti. Så etter at me hadde gått ei stund mådde me ha oss noko mat, vi stoppa i 11.30 tida på Furesete og tok ein liten lunch før me for av garde igjen. Været var litt surt det var litt vind og litt små regn innimellom når me gjekk. Ca klokka 13.00 var me framme ved målet, då var det av og finne ein god plass å slå leir. Me fann ein grei plass og så sette gruppene i gang med å slå opp telta. Så byrja det å hylje ned og gruppene bestemte seg for å kvile litt i telta for å sjå om det snart slutta å regne så kaldigt. Etter eit par timar så var det sån noko lunde og me skulle ut og fiska, me fiska ikkje så lenge og resultatet var dårleg. Ingen fekk ein einaste fisk! Så var det tid for middag og gruppene fyrde opp storkjøkkenet. Gruppa mi hadde bestemt seg for å ha taco, og det fungerte overraskande bra. Taco anbefalast på fjelltur, det var kjempe godt! Gruppa vår kokte og vatn, så me drakk kakao. Til dessert skulle me ha banan splitt, men banan mi var most og ganske svart blitt så det var ikkje så fristane. Så for gruppa mi i teltet igjen og spelte uno, bra og ha noko som du kan gjere på når du er i teltet. Så om kvelden fekk vi litt gåter og sånt så me skulle løyse og gruble på, nokon klarte me og andre mådde me ha litt hjelp til. Så var me alle litt trøytte og slitne, så me la oss. Om natta var det periodar der eg vakna for det regna masse ellers var det ei heilt grei natt.
Om morgonen stod vi opp og gjekk og «stelte» oss litt, så lagde me oss frukost. Etter det begynna me og pakka saman tinga og telta våre og gjorde oss klare til avreise. Me gjekk til eit vatn litt lengre vekke og fiska og åt lunch der, der fekk Torgeir ein liten fisk så fekk me sjå korleis me sløgde ein fisk. Så fortsette me, me fann vegen ned til busstoppet der me skulle ta ein rutebuss. Så sette me oss på bussen og reiste heim.
Det som var bra på turen var matlaging, telt-oppsetting, samarbeide med heile gruppa. Alt var stort sett bra med turen uten om været som kunne vore betre. Klede og utstyr var nokså bra, så der er det ikkje noko å seie på. Lengda på turen var heilt ok, alle i gruppa kom fram så. Teltgruppa vår fungerte ganske bra med både fordeling av felles ting, matlaging og samarbeid. Heile gruppa fungerte og veldig bra, alle var inkluderande og alle var med alle, så det er ei veldig fin gruppe. Det var ikkje noko som eg kjem på som eg ville gjort annleis, syns alt fungerte ganske bra. Måla for turen var blant anna å lære seg og overnatte i vått terreng, det trur eg alle lærte noko av. Lærte meg betre med kart og kompass og lærte betre å bruke stormkjøkken. Det var vel stortsett alt. Det var i alle fall ein vellykka og kjekk tur.
Her er nokre bilete:




Supert at du hadde ein fin tur trass i mykje vær!
SvarSlettKort i teltet er alltid eit triks, like så taco på tur:)