onsdag 28. september 2011

Tur til Storevatnet 21-22 sept. 2011

Me starta med å møta opp på skulen, så fekk me alt utstyret. Det var kun 8 av 15 som var med frå st klassane. Denne gangen skulle me reise med idrett.
Me køyrde buss til kaupanger og skulle gå derifrå, der vart me delt inn i nye grupper.
Me starta å gå rundt 10.30 og forskjellige gruppe styrte me kart og kompass. Me gjekk eit godt stykke, så stoppa me og hadde lunch. Så starta me å gå at, men så kom Torgeir etter oss og sa me gjekk feil og me måtte snu.
Været var noko lunde, og når me kom fram til der me skulle vere mådde me sette opp Gapahuk. Det gjekk heilt ok, me fekk no ikkje vatn inn på oss om natta og det var det viktigaste. Kvar gruppa laga bål og lagde eller varma middag/kvelds på det. Om kvelden laga me eit stort felles bål og hadde div. leika.

Om morgonen stod me opp og åt frukost så pakka me. Me på allmenn skulle heim og idrettsgjengen skulle vidare, dei skulle vere 1 natt til. På vegen heim stoppa me og hadde eit lite førstehjelpskurs og åt lunch. Vegen ned var ganske bratt og når me kom ned til Manhillervegen der me skulle vente på buss( trudde me) var føtene mine heilt gele. Men me venta lenge å det kom ikkje nokon buss, dei hadde gløymt det. Så me mådde gå ned der ferjene kjem å ta buss der ifrå. Det var ein fin tur, men det var og drit godt å komme heim.
Her er ruta:

Alt fungerte bra på turen, syntes eg. Det vart berre litt omplassering for det var berre 8 stk. som var med frå st klassane. Men det var null problem.
Me nådde målet med å lage gapahuk å brenne bål, det fiksa gruppene godt i lag. Heile gruppa fungerte bra på tur, og det var kjekt å vere med idretts gjengen. Me hold eit godt tempo å alle hang med.
«Gapahuk gruppa» fungerte og veldig bra, alle hjelpte til med å finne ved å sette opp gapauk.
Denne gangen hadde eg veldig passeleg med klær og mat, einaste var at eg fraus litt på nasen å kinna om natta. Eg lærte korleis me skulle legge forskjellige lag når me brente bål. Me skulle ha eit lag med ved nederst sånn at det brant «ned» i bålet og. Det var slik eg opplevde min kjekke tur til Storevatnet.

PS!: BILDER KJEM SEINARE.

1 kommentar:

  1. Det er bra de veit å kose dykk på tur! Supert at gapahuken fungerte som den skulle, og at gruppa gjekk godt i lag. Gledar meg til bileta kjem...:)

    SvarSlett